Econa Aust-Agder inviterer deg og en gjest til en satirisk aften med Are og Espen, kvelden avsluttes med tapas på Arendal Kulturhus.
Are og Espen - kva er det?
Det handlar om språk. Om kvifor og korleis det kan vere vanskelig å få sagt dei rette tinga på dei rette måtane, i kjærleiken, i kvardagen, i byråkratiet, i media, i politikken. Og djupast sett (om du vil gå djupt, og det er slett ikkje nødvendig i denne forestillinga) om kvifor folk har vanskelig for å forstå kvarandre og finne ut av det med kvarandre og sette seg inn i kvarandres situasjon.
Innstillinga vår til folks vanskar med språket er nysgjerring og forståingsfull.
Heile forestillinga går føre seg meir eller mindre på same måten som ein samtale mellom to gode venner. Alt har ein samanheng, men den eine assosiasjonen tek den andre og sidespora er mange. Det kan gli ut i både song, parodiar og - og dette beklager vi - bittelitt koreografi. Men utan at noko av utglidingane kan kallast nummer i tradisjonell revyforstand. Ingen skift. Ingen parykkar. Ingen effektar. Ingen intromusikk. Det er to menn i kvite skjorter på scena heile tida, og berre oss. Det du ser er det du får. Blir det spelt av ein lyd i forestillinga, er det vi på scena som speler han av. Ingen kostymeskift. Ikkje noko anna enn to menn i kvite skjorter, stemmene våre, ein gitar og ein mac.
Ein stor del av forestillinga eg bygd rundt assosiasjonar til eit faktisk norskkurs for utlendingar som vi har komme over, og som vi speler eit utdrag frå. Mellom emna vi er innom i løpet av kvelden er mediespråk, byråkratispråk, kunsten å seie det rette, kunsten å løyse store problem, halve telefonsamtalar, politiske talar, unnskyldningar, religion, gammal visdom, utkantvisdom, vinlotteri, nye ord, utanrikskorrespondentar, ord som blir borte, trafikkmeldingar, togstasjonar, orientering. Og grilling, sjølvsagt.
To gode venner snakkar om det vi er opptatte av. Og syng litt. Og gjer oss til litt.
Og så er det ganske artig. Og det er meininga at stemninga skal vere god. Gjerne svært god.
Skrevet av Are Kalvø
Dersom du ikke blir med på bespisningen er det fint om du skriver dette i notatfeltet i påmeldingen.
Begrenset antall billetter. Billetter hentes på Econas stand senest kl 18.50.
Arrangement gjennomføres i tråd med gjeldende råd om smittevern. Om du er syk eller har symptomer på Covid-19 er det viktig at du melder deg av arrangementet og holder deg hjemme.
Dersom arrangementet er fullbooket anbefaler vi at du sjekker igjen 1-2 dager før arrangementet avholdes. Erfaringsmessig kommer det avmeldinger de siste dagene.