Brørene Løvehjarte
Rørande og spennande familieframsyning om å finne motet i seg sjølv. Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.
Historia om Jonatan og Kavring tek oss med til Nangijala, eventyra og leirbålas rike, der dei må kjempe mot det vonde og finne motet i seg sjølv. For som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»
Framsyninga er eit samarbeid med Teater Vestland. Passar for heile familien frå seks år. Brørne Løvehjarte
Av Astrid Lindgren
Regi: Miriam Prestøy Lie
Ingen refusjon av billletter etter påmeldingsfristen 16.01.2026